Samarbeids- partnarar
KS Bank
SKL
Reisemål Folgefonn
Rosendal Fjellstreif
iDrift AS
Folgefonn Feriegard

Fakta og prisar

Fjellhaugen Skisenter er eit allsidig skianlegg der du finn5 km ljosløype vanlegvis preparert både for klassisk og skøytingAlpinanlegg med eige barnetrekk, akebakke og område for skileik.Utgongspunkt for kvista og i sesongen oppkøyrte turløyper.
 

Ljosløype
5 km preparert langrennsløype med ljos til kl. 21.00 kvar kveld.

 
Alpinbakke
Skitrekk med lengde på litt over 1.000 meter og kapasitet på 900 personar pr. time.
2 nedfartar med høgdedifferanse på 175 meter.

 

Eige barnetrekk, 120 m langt


NB! Vi har dessverre ikkje utleige av ski og utstyr.

 
Ordinære opningstid for alpinanlegget


    Onsdagar:  kl. 17.30 - 21.00
    Lørdagar:   kl. 10.00 - 16.00
    Søndagar:  kl. 10.00 - 16.00
    NB ! Køyring for grupper andre dagar etter nærare avtale.

 
BRØYTING
Vegen frå Matrekrysset til skisenteret vert ikkje brøyta i tidsrommet mellom

kl. 21:00 og 09:00. 
 
Kiosk
I opningstida for skitrekket er det kiosk med sal av brus, sjokolade og varm drikke i varmestova. 

 
Varmestover
Ei ved skitrekket og ei ved stadion. Den ved skitrekket er bare open når trekket er åpent, eller når det er trening i lysløypa.
 

Turterreng
Ved Fjellhaugen Skisenter står ein ved terskelen til store turområde som strekkjer seg heilt inn til den sørlege delen av Folgefonna. Her er det såleis mogleg å leggja opp til fine dagsturar som kan tilpassast den forma ein er i.

 
Turløyper
Dei mest brukte skiløypene vert kjørt opp når dette er mulig. Nærare opplysningar og orientering om turterrenget får ein i billettbua ved skitrekket.

 
Kart
Gradteigskart Kvinnherad - Blad 1214 I
 
Sjå i menyen til venstre for prisar!

 
 
 
  Tilbake

 

Utvikla av iDrift AS     20©06 Fjellhaugen skisenter