Var meir snø i fjor.

Sjølv om snøen let vente på seg prøver vi å gjere det vi kan med den som er kommen.
I ljosløypa har vi no vore rundt og pakka snøen saman. Så det er fullt mogleg å skøyte seg ein tur. Det stikk kanskje opp litt kvist og kvast nokre stader, så vi anbefalar å bruke ski ein ikkje er redd for. Vi håpar at det kjem meir snø slik at vi kan sporsetje løypa og, men det er som vanleg opp til vêrgudane.

Det blir og gjort forsøk på å trakke opp til Nautavatn, og vi kryssar fingrane for at det let seg gjere. Då blir det lettare å komme seg opp for å beundre dagsturhytta Fagnabu!

Elles blir det arbeidd med alpintrekket. Boltar, vendehjul og hjulbatteri skal vølast før sesongen. Medbringarar skal også på plass. Men viktigast av alt er snøen. Det trengs framleis ein god del snø før vi kan preparere i alpintrassèen.

Vi håpar folk gjer seg nytte av tilbodet og får flotte opplevingar her i Fjellhaugen medan vi ventar på meir snø :D

Og hugs – Det snøar ikkje skiløyper. Kvar ei krone vi får inn er med på å sikre tilbodet om parkering, ljosløype og skiløyper.

  • Parkering pr. dag – 50 kr
  • Løypeavgift pr. dag – 20 kr
  • Prisar på årskort finn ein her, og alt kan betalast til Vippsnr 136342 ;)

Så!! Kva ventar de på?? Pitla dåke ut på ski!