FJELLHAUGEN SKISENTER 

Lenge før Fjellhaugen Skisenter vart etablert, hadde det vore drive skisport i området omkring.  Ein hadde  langrennsløyper ved Bjørnbølsfossen og alpin aktivitet omkring eit lite skitrekk i Brandvikjo. I 1985 vart det faktisk arrangert Sunnhordlandmeisterskap her. Likevel, alt var veldig provisorisk, og ein ynskte å samle aktivitetane på ein rimeleg snøsikker plass og montere ljos slik at brukstida vart utvida. Ei rekkje eldsjeler tok fatt på arbeidet, og bygde stein på stein for å skape det flotte skianlegge ein har i dag.

I 1983 valde Kontaktutvalet ei ski-nemnd med Knut Riise som leiar. Andre medlemmer: Alf Berland, Olav Gunnar Hjelmeland, Terje Gudding, Ole Jakob Albretson og Ole Anton Myklebust. Desse peikar seinare på Børstølsbotnen som ein høveleg plass, og set i gang planleggingsprosessen.

To år seinare, i 1985, blir det gamle skitrekket flytta frå Brandvikjo til Børstølsbotnen.

I 1986 løyver Kvinnherad kommune 700.000 kr til prosjektet etter godt forarbeid av Berge Seberg. Dette løyser i sin tur ut tippemidlar. SKL, som har stor aktivitet i området, stiller med massar og lagar veg og parkeringsplass.

I 1988 får ein bygd ei 3,5 km lang ljosløype. Ein får fatt i nokre brukte anleggsbrakker som kan nyttast som varmestove med toalettfasilitetar. Desse vart skaffa av Knut Riise, som Fjellhaugen fekk overta då Kvinnherad Sparebank la ned filialen sin på Valen.

Allereie året etter, i 1989, får ein utvida ljosløypa med 1,5 km, og ein har no 5 km ljosløype med tidtakarbu.

Større løype og meir bruk av anlegget gjer at behovet for for ei skikkeleg trakkemaskin blir naudsynt. Sidan dette ikkje var tatt med i etableringskostnadane av skisenteret har ein ikkje midlar til dette. Så i 1990 kjøper likegodt Olav Gunnar Hjelmeland sin eigen trakkemaskin, og gjer alt trakkearbeidet på dugnad. Han byrjar og på arbeidet med planering av alpinbakken.

Det samme året blir Fjellhaugen Skisenter gjort om til aksjeselskap, og Kvinnherad kommune går inn som største eigar. Jan Martin Skaaluren blir sækretær

Arbeidet med å byggje sjølve skitrekket startar i 1994, og står klart til bruk i vinteren 1995. Knut Riise og Knut Johannes Helvik er dei fyrste som sett utfor løypa – på langrennski!

Med all aktiviteten frå idrettslaga og behovet for vêrskjerming for trakkemaskina byrjar arbeidet med å få på plass garasje og arenahus, og i 2002 får ein nye steinmassar frå SKL.

Året etter har ein sett opp garasjen Men må avvente  bygginga av arenahuset i påvente av fullfinansiering.

Bruken av anlegget fortsett å auke, og behovet for meir parkeringsplass gjer seg gjeldande. I 2005 utvidar ein parkeringsplassen, slik at enno fleire kan ha glede av Fjellhaugen Skisenter. I tillegg har ein sett behovet for eit eige barnetrekk, noko som blir etablert samme året. I 2006 blir barnetrekket forlenga med 20 meter.

Eit arenabygg står no øvst på prioriteringslista, og i 2006 får ein dei nye teikningane frå Kvinnherad Bygg. Det blir arbeidd hardt for å få finansieringa på plass, og byggjetrinn 1 vert realisert. Arbeidet med fullfinansiering for byggetrinn 2 av arenahuset pågår for fullt vidare.

Behovet for tilgong på straum og inntekter er med på at ein i 2007-2008 går i gong med bygginga av Fjellhaugen kraftverk, våre eige minikraftverk. Det blir lagt inn røyrgate i skiheistrasèen, og turbin/generator blir plassert i eige rom i garasjen. Bygginga vart lånefinansiert.

Ein monterer og utstyr til snøproduksjon i skitrekket, slik at ein kan få eit jamnare og tryggare dekke for gjestene våre, og vonaleg ein litt lengre sesong når temperaturen spelar på lag.

SKL har bidrege mykje for å betre tilkomst og parkering for Fjellhaugen Skisenter, og i 2010 er dei med og utvidar veg og parkeringsplassar og får alt asfaltert. På dette viset vert tilhøva for gjestene betre.

I 2011 vart det gjennomført ei aksjeutviding for å utvide eigenkapitalen til Fjellhaugen Skisenter. Kvinnherad kommune fortsett som største eigar.

Med kommunen som største eigar har Fjellhaugen fått mykje god drahjelp til prosjekta våre. Og i 2013 vart det naudsynt med ei ny løypemaskin. Denne vart finansiert av Kvinnherad kommune, mykje takka vere dåverande ordførar, Synnøve Solbakken. Kommunen overtok og restlånet på Fjellhaugen kraftverk, slik at ein fekk redusert rentesatsen monaleg.

Fullføringa av byggetrinn to på arenahuset går i gang i 2014, og det same blir med Hardingparken. Den nye varmestova står ferdig og klar til opning 12.mars 2015! Ein gledens dag for både oss og gjestene våre

Oppgradering av barnetrekket vart gjort i 2016, ved at ein fekk bygd tak over drivhjulet. Same året fekk vi arrangert den fyrste railjamen i påsken. Etter sesongen fekk vi gjort store utbetringar i trektrasèen samt laga sprintløype i ljosløypa.

Turløypene til Nautavatn og rundt Reikatindane er populære turmål somar som vinter, og difor gjorde vi nokre utbetringar i turløypa i 2017 slik at det skal vere enklare for folk å ta seg fram. Dette året kunne det òg gått riktig ille – då trakkemaskina vår gjekk gjennom isen på eit av vatna. Til alt hell gjekk det bra, og vi tok lærdom av hendinga. Dette året takka Frode Alfarnes av som dagleg leiar og Ivar Berge-Soldal som driftsleiar, og Øystein Svendsen overtok verva som både dagleg leiar og driftsleiar frå 2018. Frå sesongen 2021 er Øysteine “berre” driftsleiar, og styret har fordelt dei daglege oppgåvene seg i mellom. På dette viset får ein redusert arbeidsmengda til Øystein, slik at han kan fokusere på det viktigaste – drift og vedlikehald!

Og vedlikehald trengs det mykje av til tider. Gjennom nesten heile 2020 har skitrekket vore stengt ned. Fyrst og fremst grunna Covid-19, men og grunna naudsynt vedlikehald. Nesten alle hjulbatteria måtte vølast for å sikre at dei er etter forskriftene, og vi måtte sende girkassen til Italia for ein total gjennomgang. Den gamle trakkemaskina hadde og sett betre dagar, og styret fatta vedtak om innkjøp av ny trakkemaskin. Denne har påmontert vinsj som vil gjere det mogleg å flytte snømassar til dei delene av skitrekket som vanlegvis mistar snøen fyrst, og vonleg gje oss fleire driftsdagar per sesong.

Det er og montert opp ein straumpåle for tilkopling til straum for bubilar. Dette tilbodet er det mange som har spurt om, og vi håpar at det kan vere med på å trekkje fleire besøkande.

Kva framtida vil bringe veit ingen, men både styre og driftsutval

Aktivitetar i Fjellhaugen

Fjellhaugen har tilbudt skulekøyring i mange år, i 2018 ga vi i lag med oppdrettsnæringa tilbod til alle elever i hele kommunen. Alle skulane nytta seg av tilbodet.

Forutan Fjellhaugen Skisenter sine eigne aktivitetar blir det arrangert aktivitetar av ulikt slag av andre organisasjonar m.a.;

  • Barnas Turlag har arrangert “Kom deg ut”-dagen over fleire år.
  • Skredkurs
  • Øvingar i regi Raude kors
  • Skirenn i regi av idrettslaga
  • Skidag i regi av Vaksenopplæringa