Frå nyttår blir det automatisk parkeringsbetaling i Fjellhaugen, dette for å gjere jobben lettare for oss! Dette gjeld for alle som ynskjer å benytte det fine anlegget til Fjellhaugen Skisenter, eller berre ta seg ein flott fjelltur i Fjellhaugen. 🌞❄️❤️

Det automatiske systemet er ikkje heilt klart enda, men det er forhåpentligvis på plass snarast! Plasseringa blir nede på brua ved Bjørkestølen, før nedste parkeringa. Prisane vil vera dei same som før:

  • Årskort: 600kr
  • Enkeltparkering: 60kr/døgn(Det er eige avtale med hytteeigarar)

Kjøp av årskort, og eventuelt betaling av enkeltturar må gjerast på www.youpark.no. Det vil ikkje lengre vera mogleg å kjøpe årskort eller enkeltparkering via Fjellhaugen sin Vipps. For dei som allereie har kjøpt årskort via Vipps: Registrer dåke i youpark som forklart under, og søk om vanleg årsabonnement. Me har navna på alle som har forhåndsbetalt, og vi vil då endre kostnaden til kr.0,- på dåke manuelt.

Portalen for kjøp av årskort for 2024 er open så om folk vil kjøpe årskort allereie no så er det fullt mogleg. Gå inn på: Youpark.no, parkering (ikkje bomvei) søk opp Fjellhaugen skisenter og registrer deg som brukar. Deretter kan du velge årsabonnement, eller ønska betalingsløsning ved enkeltparkeringar.

❗Hugs å legge inn registreringsnummer på bilen❗Abonnementet gjeld for eitt køyretøy! 🚘 Meir informasjon finn du i skriva vedlagt som bilete!