Dette har vi gleda oss til!!!
Skitrekket er ope frå kl. 10.00 – 16.00 laurdag 12.02.22 og sundag 13.02.22.

Vi ber om at dei som skal kjøpe skikort, løypeavgift eller betale for parkering gjer dette i luka på oppsida av varmebua. Då slepp vi unødvendig oppsamling av personar inne i varmebua.

Smitteførebygging

Covid-19 driv framleis på å tergar vettet av oss. Vi ber om at de er gilde og følger dei nasjonale styringsreglane. Vi oppmodar om at folk held avstand der det er mogleg, og gjerne brukar munnbind når ein er inne i varmestova. Munnbind vil vere tilgjengeleg ved inngangen til varmebua.

Betaling

Vi har IKKJE kontantar. Alle varer og tenester må betalast med anten bankkort eller via Vipps.
Vipps har endra på oppsettet sitt. Noko som betyr at vi har eit eige Vippsnummer for kioskvarene.

  • Vippsnummer 136342 skal brukast når ein kjøper skikort og parkering.
  • Vippsnummer 694109 skal brukast når ein kjøper kioskvarer.

Vi skjønnar at dette er litt tungvint og håpar det løyser seg. Kvittering for kjøp i Vipps må visast til kiosk-vertane før ein får skikort.

Vi ønskjer dykk ein strålande helg i fjellet med oss!