Protokoll frå generalforsamlinga 2020
Generalforamlinga for 2020 vart arrangert 06.mai 2020. Møtet vart avvikla i kommunestyresalen på Rådhuset i Rosendal. Møtet var annonsert i media og pr. brev/e-post til eigarane ihht. vedtektene. Møtet var i utgangspunktet planlagt medio april, men vart grunna smittesituasjon i Kvinnherad flytta til 06.mai.
Årsmelding og rekneskap vart godkjent utan merknader.
Det vart vald nytt styre;
– Stig Klette (frå idrettslaga) tok ikkje attval – Tor Vidar Sæle vart vald inn som styremedlem i Fjellhaugen Skisenter AS for idrettslaga.
– Olav Gunnar Hjelmeland (frå idrettslaga) tok ikkje attval – Sissel Haugen vart vald inn som nytt varamedlem til styret i Fjellhaugen Skisenter AS for idrettslaga.
– Karin Laila Thauland (frå aksjonærane) tok attval som styremedlem i Fjellhaugen Skisenter AS for aksjonærane.
– Jorunn Karin Furdal (frå aksjonærane ) tok attval som varamedlem til styret i Fjellhaugen Skisenter AS.
Desse var ikkje på val:
Per Åge Lyngnes (frå aksjonærane).
Kent Are Kjørsvik Petterson (for Kvinnherad kommune).
Kjetil Mehl (varamedlem for Kvinnherad kommune).
Kjartan Thoresen (for idrettslaga).
Vi takkar Olav Gunnar Hjelmeland og Stig Klette for innsatsen deira i styret!