Nautavatn

Foto: Håkon Gabrielsen

Kring Fjellhaugen Skisenter ligg det fleire populære og godt brukte turløyper. Desse blir brukte sommar som vinter – og har ulike variasjonar av vanskelegheitsgrad.
Den som er mest populær er nok turen til Nautavatn. Kvinnherad Turlag har sett opp turpostkasse der oppe. Om vinteren køyrer Fjellhaugen Skisenter opp løyper, fyrst scooterløyper – og når snømengda tillét det – køyrer vi med trakkemaskin. Vi har GPS-sporing på eine trakkemaskina, så det er mogleg å sjå på skisporet.no kva tid løypa er preparert. Vonleg får vi GPS-sendar i begge trakkemaskinene innan rimeleg tid ;)

Dei fleste går til Nautavatn frå den nedste parkeringsplassen vår og følgjer turstien derifrå innover mot Fagnabotn. Herifrå følgjer ein dalen oppover til Nautavatn.
Turen er omlag 5.5 km lang tur/retur, og går frå 460 moh ved parkeringa vår til 680 moh ved Nautavatnet. Ei totaltstigning på 220 høgdemeter. Dette er ein tur som eignar seg for mange, store som små. Ein roleg tur med innlagt pause til niste tek omlag 2 timar.
Ved Nautavatn kjem den fyrste dagsturhytta til Kvinnherad kommune opp. Den er forventa sett opp i mai/juni 2021. Vi gledar oss!!

Reikatindane

Kartutsnitt frå Skisporet.no

Om ein vil ha ein litt lengre tur kan ein ta løypa rundt Reikatindane. Så lenge det er nok snø så køyrer vi løype rundt heile vegen. Turen rundt er på omlag 9.5 km. Ein startar frå parkeringa i Fjellhaugen (460moh) og i løpet av turen er ein på 792 moh på det høgste. Totalstinginga her er på 332 høgdemeter. Alt etter kor trent ein er så tek denne turen mellom 3-4 timar om vinteren.

 

 

 

 

Blådalsdammen

Vegen inn til Blådalsdammen er til vanleg vinterstengt. Fjellhaugen Skisenter har fått i oppdrag å køyre opp snøscooterveg for SKL inn til Blådalsdammen for vedlikehald. I den samanheng har vi spurt og fått løyve til å setje spor. Slik opna det seg plutseleg ein fin turveg for brukarane i fjellet!
Vi gjer merksam på at SKL skal drive vedlikehald der inne og at løypa primært er tenkt snøscooterkøyring for arbeidslag. Vi ber alle som ferdast på vegen om å ta hensyn til arbeidarane, og at de har forståing for at løypekvaliteten vil bli noko redusert grunna snøscooterkøyring.
Denne løypa vil vere tilgjengeleg frå omlag 12.februar 2021 og i 4-6 veker framover.