160 lag og organisasjonar i Kvinnherad har i mai fått tildelt omlag 900.000 kroner frå 4529 ulike personar som har registrert seg i Grasrotandelen hjå Norsk Tipping.
Fjellhaugen Skisenter er ein av desse mottakarane. Vi ønskjer å rette ei stor takk til dei 82 Grasrotgjevarane som har støtta oss. Hittil i år har vi fått utbetalt 11.714 kroner. Dette er pengar som går rett tilbake til innbyggjarane våre i form av perparerte turløyper, akebakar og skitrekk.

Det kostar ikkje noko meir å vere Grasrotgjevar enn det du tippar for. Ein liten del av beløpet du tippar for blir sett til side til det laget eller organisasjonen du ønskjer å vise støtte til. Om du har lyst å bli Grasrotgjevar til Fjellhaugen Skisenter kan du trykke på lenkja her. Då er du med på å leggje til rette for meir aktivitet i Fjellhaugen.

Og kanskje vinn du litt eller mykje samstundes!